Bilete av sprutande vatn
Her var ideen å ta eit klassisk ”sprutande-vatn-bilete”.
I og med at det er litt vanskeleg å berekne korleis vatn sprutar var det vanskeleg å ha heile kontrollen på komposisjonen. Men det er kontrast mellom små og store flater, dei organiske formene og det at vatnet sprutar viser bevegelsen i biletet. Eg hadde lukkaren så lågt det gjekk for å ”fryse” denne bevegelsen. For kontrast i biletet plasserte eg svarte ark og klede rundt om kring slik at noko mørkt skulle bli reflektert og lage lys/mørk-kontrast.
Det er teke i eit nokså mørkt rom med ein sterk lampe rett på vatnet, og blitsen på.
Det er teke med eit Sony DSLR-a100 kamera.
Instillingane var: ISO: 100 Blender: f/5,6 Lukker: 1/125
Eg har beskore biletet elles er det uredigert.
Då eg tok dette biletet lærte eg at det fort blir mykje søl. Og så vart eg nokså god til det å tøme vatn og trykke på knappen samstundes.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar