torsdag 27. januar 2011

Arnulf Rainer

Tysdag 25. januar var fotogruppa på Stavanger Kunstmuseum for å sjå ein utstilling med bilete laga av Arnulf Rainer. 
 Arnulf Rainer er ein austerisk kunstnar. Idag er han 82 år gamal og kvar laurdag måler han nesten heile døgeret.

Bileta me såg var eit utdrag frå fleire seriar og viste korleis Rainer stadig brukte nye teknikkar og laga ulike utrykk opp gjennom karrieren sin.
 Eg likte at bileta var henta frå eit så bredt tidspenn slik at ein kunne sjå utviklinga hans.
Dette er nokre av bileta som var frå byrjinga av karrieren hans. Bileta til venste er surrealsistiske teikningar med blyant og blekk. Bileta til høgre er blindteikningar, laga litt sienare.

 Ein anna teknikk Rainer brukte var å ta portrett (av seg sjølv, andre menneske og statuar som på bileta øverst), for deretter å arbeide oppå dei med fettstift og lage riper med kniv. 
Det eg synes var fint med dette var korleis han både forandra og framheva bodskapen i biletet.  Sjølv meiner eg nokre av bileta vart veldig valdsame og ubehagelege å sjå på. 
Desse bileta er nyare og det var desse eg likte best i utstillinga. Sjølv om portretta var intressante og spanande ville eg mykje heller hatt desse på veggen heime for å sjå på kvar dag.  


Etter at me såg utstillinga hadde me ein workshop der me sjølv laga sjølvportrett inspirert av korleis Rainer gjorde det; fettstiftar på fotografi.
Eg valgte å framheve der skjelettet laga lys og skuggar, spesielt på hendene, og å rable med og dra ut fettstiftane slik at det såg meir grotesk ut. Eg lot augene vere i fred sidan dei allereie var ekle.
Resultatet vart slik:

torsdag 20. januar 2011

Vågen vidaregåande.


Den første oppgåva vår var å ta bilete av skulen vår. Me skulle tenke på utsnitt, komposisjon, lys og detaljar.
Dette er dei tre bileta eg likte best.
 Eg tok bileta med eit Sony a100 kamera.


Dette biletet er frå garderobane utføre forestillingsalen. Det eg likte med dette biletet var kontrasten mellom sida lyset fell på og skuggesida på hengarane. Dessutan likte eg korleis hengarane som er heilt like ikkje heng heilt på rekkje og skapar både rytme og spenning i biletet i og med at det er same form berre ulikt lys og vinkel. Når eg tok biletet tenkte eg og på at metallstanga ikkje skulle vera i fokus for eg syns "bokeh-ane" er ein fin detalj. Eg har redigert vekk litt støy med iPhoto og beskjert det litt då eg tok skjermdump.

Dette biletet er teke i det sosiale rom der sola skein inn. I dette biletet ville eg få med mønsteret av sollys på golvet laga av skuggane til vindauga og stolbein og dei organiske linjene til den raude stolen. 

Dette biletet er teke av ein lampe i same rom som hengarane. Eg har ofte lagt merke til mønsteret på innsida av lampane på skulen og ville fange detaljane med kamera. På dette biletet er lys/mørk kontrasten tydeleg og eg likar korleis graderinga skjer flate for flate, og korleis kvar flate likevel har mange nyansar og refleksjonar. Biletet vart teke med litt varm temperatur-instilling på kameraet.

tysdag 18. januar 2011

Velkomen!

Dette er ein blogg som er laga for å dokumentera arbeidet mitt i faget foto.
Her vil eg leggja ut bileta eg tek, skrive om kva eg lærer og anna fagleg stoff.