Idag har me arbeida med å ta portrettbilete.
Eit portrettbilete er eit bilete der personen er motivet.
Idag har Regine vore mitt motiv.
ISO: 100 Blendar: f/ 5,6 Lukkar:1/1250
Ideen i dette biletet var å få ein spanande vikel og ha treet som bakgrunn i biletet. Derfor har Regine klatra opp slik at ein ser ho i froskeperspektiv og blikket hennar er litt drøymande. I dette biletet kjem lyset nokså jamnt fordelt frå "taket". Det blir lys/mørk kontrast mellom ansiktet til Regine og dei mørke kleda og bjelkane bak ho.
ISO: 100 Blendar: f/ 5,6 Lukkar:1/160
Regine hang seg opp ned i eit metallstativ. Då er det ikkje anna å gjere enn å ta bilete. Ideen var altså ikkje meir planlagd, men eg likar korleis ein må sjå to gongar før ein ser om det er Regine eller biletet som er opp ned.
Her er lyset skarpare enn på dei teke i skuret. Sola skein og ho får meir skuggar i ansiktet.
ISO: 100 Blendar: f/ 5,0 Lukkar:1/800
Her var ideen ha ta bilete med ein klar farge som bakgrunn. Lyset kjem frå den eine sida og Regine har eit naturleg utrykk som ikkje er tilgjort, ho snakkar berre med nokon.
ISO: 100 Blendar: f/ 4,5 Lukkar:1/50
Her var ideen å ta bilete inne. Regine er optatt, men det syns eg ikkje gjer noko. Det gjer at biletet ikkje verkar "falskt". Her er det mykje mindre lys og biletet blir mørkare, Lyset som er kjem frå eit vindauga, men sola skin ikkje i den retningen.




Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar