torsdag 31. mars 2011

Redigerte Regine

Det er ikkje alltid ein tek seg god nok tid til å stille inn kameraet slik at lyset blir sånn som det bør. I dette tilfellet er kvitbalansen litt dårleg. Dessutan kan bileta bli finare med meir kontrastar, lys og gjerne andre fargetonar.
Slik vart det litt for grøne biletet av Regine redigert:
Utgangspunktet:
 
Først lysna nokre partier med Dodge Tool og la eit lag med auka kontrast og lys (new adjusment layer > Brightness/Contrast..). Dette laget er det lagd ei maske på som kun er kvit over augene, slik at dei kjem klarare fram. Så kopierte eg bakgrunnen og la eit filter over som heiter surface blur. Dette filteret er stilt veldig svakt. Det lager ei jamnare overflate og eg la ei maske på slik at det kun er huda som blir jamnare. Så lysna eg litt til under augene. Etter å ha retusjert hud og auge såg det slik ut:


For fin kontrast og ein "glød" la eg den grøne channelen over med innstillinga Overlay og Fill35%
(Vel laget med biletet > cmd+a > Channels > vel Green channel > cmd+c > lag ny layer > cmd+v> vel overlay som layerinstilling) Med ei maske fjerna eg det frå augene og leppene.



Eg har endra Hue/ Saturation i adjustmentlayer der eg har skrudd Saturation av grønfargane ned 80% og dei gule ned 5%.

For å få vekk meir av grønskjæret brukte eg curves (forklart tidlegare) og stilte dei grøne verdiane ein betydeleg ned, og endra hovedkurva berre litt.
 
Biletet vart no nokså varmt, for eit kaldare skjør la eg eit lag som er mørkeblått med litt magenta i, turkis på stolpen og lilla i håret. Håret hadde endå litt grønskjær, derfor valgte eg lilla som er motsett av dette. Dette fargelaget stilte eg inn til Vivid Light, Fill 8%.
Sjølv om det er eit svakt lilla skjær i biletet, likte eg at det vart slik:
Dette er på ingen måte noko superoppskrift. Det krev mykje utprøving om kva som er nok, og kva som er for mykje. Hvis dette vart forvirrande så er detteeit screenshot av alle Layers.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar