Her var ideen å ta bilete av krokus nær nok slik at ein kunne sjå mønsteret og detaljane på kronblokkene og i blomen.
To nokså like blomar skapar rytme i biletet. Dessutan blir det rom i biletet av skrålinjene kronblokkene og graset dannar. Midten til den venstre blomen er i interessepunkt som treff det gylne snitt. Det blir rama inn av blandene rundt.
Det var litt overskya, men sola braut nesten gjennom. Så det var ganske sterkt lys ute, likevel laga det ikkje så skarpe skuggar på grunn sidan skyene ”fordeler” lyset.
Det er teke med eit Sony DSLR-a100 kamera.
Instillingane var: ISO: 100 Blender: f/5,6 Lukker: 1/200
Bilete av magnolia
Dei fire blomane står i same retning og lagar rytme. Det er kontrast mellom lyst og mørkt og i storleiken på blomane. Det er fleire skrålinjer, og det at blomane er større og mindre bak gjer at biletet har rom. Dei duse lyse fargane gir biletet eit luftig utrykk. Den store blendaropninga framhever dette. Dei to grøna blada og mellomrommet dei er i er eit interessepunkt. Her er det stor kontrast mellom den veldig rolege bakgrunnen der,, dei skarpe blada og den mørke greina. Sterke kontrastar saman med det gylne snitt, tiltrekker seg blikket.
Det er teke med eit Sony DSLR-a100 kamera og er ikkje redigert.
Instillingane var: ISO: 100 Blender: f/5,6 Lukker: 1/800
Då eg tok desse bileta lærte eg at det er lov å sjå litt sær ut som turist i ein blømande park. Dessutan er det lov å trø på gras når ein ikkje kan lesa skilta som seier det er forbode og har ei oppgåve å løysa.
Bilete av "blomeskjelett"
Bilete av "blomeskjelett"
Her var ideen å ta bilete av desse blomane som berre er skjelett no om vinteren. Eg likte korleis dei er ein kontrast til det fargerike og frodige som elles fell under denne kategorien.
Her er det skrålinjer som gjer biletet spanande, med den kvitaste blomen som interessepunkt i det gylne snitt. Det er kontrast mellom lyst og mørkt og mellom skarpt og uskarpt. Dei same formene (blomane) blir gjenteke fleire gonger og lagar rytme.
Biletet er teke ute, midt på dagen, under ein overskya himmel. Lyset er nokså kvitt og mjukt. (eg trur kanskje lysstyrken stod var stilt pittelitt på plussida utan vilje, men det er eg ikkje sikker på)
Det er teke med eit Sony DSLR-a100 kamera og er ikkje redigert.
Instillingane var: ISO: 125 Blender: f/5.6 Lukker: 1/100
Dette er teke den dagen me skulle gå ut å ta bilete med tanke på blendaropning. Så den dagen eg tok dette biletet lærte eg at eg skulle vera meir bevisst på å bruke stor blendaropning for å framheve detaljar i eit bilete.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar