Då eg var på stranda hadde frosten og vinden danna spanande mønster, ideen var å fange dette.
I biletet er det ei skrålinje danna av hola i sanden, lav blender forsterkar dette og samlar formene til ei meir samla linje i bakgrunnen. Den viktigaste kontrasten i biletet er lys/mørk kontrasten, og eg likar korleis heile biletet berre er sand og i ein farge.
Dessutan er det kontrast mellom store og små flater, som er gradert over i kvarandre. Dette skapar spenning i biletet.
Det vart teke midt på dagen, og det var overskya. Lyset var altså nokså mjukt, og jamnt.
Det er teke med Canon EOS 1000d og det er ikkje redigert.
Instillingane var: ISO: 200 Blender: f/5.6 Lukker: 1/200
Då eg tok dette biletet var det med eit ukjent kamera. Derfor var det nokre innstillingar eg ikkje visste kvar låg, men fann det ut etter kvart. Eg lærte meg altså å handtere eit nytt kamera. (I tilegg til å ta bilete med tjukke vottar på)
Bilete av gardinHer er ideen å ta bilete ta bilete av gardina mi, fordi eg tenkte at teksturen og det at ho er gjennomsiktleg gjorde at det er eit spanande motiv.
Der lyset treff gardina kjem i det gylne snitt, og det alle dei organiske formene som saman dannar ei organisk linje gir biletet bevegelse. Skrålinja bak lagar perspektiv saman med det at ein ser korleis gardina er framføre noko. Dei raude sirklane blir gjentekne former, og lagar rytme.
Lyset er kveldsol, og bakgrunnen er den kalde himmelen. Utelyset er likevel ikkje så skarpt, sidan vindauga er dekka med dropar og lav blender lagar fine graderingar mellom lyst og mørkt.
Det er teke med eit Sony DSLR-a100 kamera og er ikkje redigert.
Instillingane var: ISO: 400 Blender: f/6,3 Lukker: 1/125
Det eg har lært av å ta dette biletet var å stille inn ISO slik at ein kan ha nokså høg lukkarhastighet samstundes som blendaren er låg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar