tysdag 1. mars 2011

Blenderopning

Blenderåpning handlar om kor mykje kameraet opnar seg når det tek bilete. Stor blenderopning vil med andre ord sei at det er eit større areal som samlar inn lys enn når ein tek bilete med liten blenderopning.
Stor blenderopning slepp mykje lys inn, medan liten blenderopning slepp lite lys inn.


Blenderopninga avgjer og kor stor dybdeskarpheit eit bilete har. Stor blendeopning gir liten dybdeskarpheit. Det vil sei at til dømes det som er akkurat ein meter frå kameraet og tjue cm inn i biletet er skarpt, medan resten er uskarpt. Liten blenderopning gir større dybdeskarphet, og då er til dømes alt som er mellom ein og ti meter frå kameraet skarpt.

Eg og Regine har teke bilete med tanke på dette idag.

Ein kan sjå korleis dybdeskarpheita blir mindre og mindre, jo større blenderopning ein har.
(lågt tal er stor blenderopning, høgt tal er mindre blenderopning)
På desse bileta ser ein det tydeleg på skapa, golvet og på lappen som ligg eit stykke bak mobilen.
Legg merke til at kameraet kompenserer at opninga er liten (dessutan at rommet er mørkt) med lengre lukkertid når det er mindre blenderopning for at det kjem passe mengde lys inn. 
Dette gjer kameraet automatisk når ein har det på innstillinga AV (for aperture value) og vrir hjulet for å variere blenderen.

Lukker: 30 sekund Blender: f/22 ISO : 100




Lukker: 8 sekund Blender: f/7,1 ISO: 100



Lukker: 1,6 sekund Blender: 3,5 ISO: 100

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar