Bilete av papirsvane
Her var ideen å ta bilete med spegel som underlag, for å få refleksjonar som var oppgåva.
Her er halsen til svana i interessepunkt. Bildet har svana i midten og biletet får balanse. Skrålinjene og det at svana står på skrå lagar perspektiv. Eg har brukt blender for å framheve rommet i biletet. Det er kontrast mellom svana og dei store flatene i bakgrunnen som set farge på biletet.
Lyset her er to sterke lampar i eit elles mørkt rom.
Det er teke med eit Sony DSLR-a100 kamera.
Instillingane var: ISO: 100 Blender: f/5,6 Lukker: 1
Her har eg beskore og retta opp biletet litt i iPhoto, slik at det halsen kom i det gylne snitt og det vart beint.Trykk HER for original.
Av dette biletet har eg lært meg å setje lys på ei reflekterande flate utan at det kjem rett i kamera, og å byggje oppfinnsame kamerastativ når ein ikkje har eit ordentleg eit.
Dette biletet høyrer like mykje til i kategoriane vatn og dyr, og det var ingen anna tanke bak enn å fotografere det som er av dyr i Sandnes sentrum.
Svana er i det gylne snitt, og nebbet blir eit interessepunkt på grunn av den sterke fargen. Dei mjuke linjene, i tillegg til at svana faktisk sym, lagar bevegelse i biletet. Bakgrunnen er roleg og framhever svana. Det er og stor kontrast mellom den mørke sjøen og den kvite svana.
Det var overskya når biletet vart teke, og midt på dagen, lyset var altså ganske godt å fotografere i.
Det er teke med eit Sony DSLR-a100 kamera.
Instillingane var: ISO: 100 Blender: f/5,6 Lukker: 1/320
Eg har redigert dette biletet i Photoshop. Eg har brukt curves for å endra fargen. Laga eit svart kvit lag med ei maske som er svart elles, og grå på halsen til svana. Og utan at eg hugsar korleis det vart gjort klarte eg med mykje om og men gjere svana litt lysare utan at skukkane til fjæra forsvann.
For orginalbilete trykk HER.
Då eg tok dette biletet lærte eg at det ein kan kome heil heim, sjølv om ein går litt nærare ei svane enn kva ein har lyst til.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar