torsdag 31. mars 2011

gradient map+curves+crop...

...og vips så har ein eit nytt bilete.
Idag har eg arbeida med å endre utrykket i eit portrett. Originalbiletet er det øvste i dette innlegget. 
Eg gjorde biletet først svartkvit med "Gradient Map".
Derretter auka eg kontrasten ved hjelp av curves. Så la eg ei "layer mask" over eit nytt "curves-lag" der eg framhevde teksturen i skjerfet, håret og gjorde ansiktet sterkare i ansiktet.
Til slutt beskar eg biletet for å endre utrykket endå meir.

Eg brukar dei fleste funskjonar som "adjusments layers", ein kan og redigere bilete-laget, men eg tykkjer det er betre å bruke "adjustmenst layers". Då kan eg lettare ta det vekk, endre det og eg kan leggje ei maske på slik at det berre gjeld delar av biletet. Snarvegen til "adjustments layers" er sirkelen som er halvt kvit og halvt svart nedst i layers vindauga.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar