tysdag 22. februar 2011

Illustrasjon og grafisk design del 3

I dag har eg arbeida med å setje saman bilete og tekst i InDesign.
Eg har endra plassering av bilete og tekst og prøvd ut ulike fontar for ulikt utrykk:
Her har eg valgt å la det vere mykje luft i layouten. Eg har plassert teksten på høgre side fordi eg likar best når teksten er venstrestilt, og eg likar at det er ei bein linje inn mot biletet. Eg har brukt ein font som heiter Adobe Caslon Pro. Det er ei antikva skrift eg tykkjer er fin og ryddig.

I neste forslag har eg brukt ei "handskrift" for å vise korleis utrykket endra seg til å verte meir personleg.  Fonten heiter Bickham Script Pro og eg valgte denne på grunn av fine  f-ar.  Eg lot biletet vere heilt utfallande oppe og nede  for ein heilhet når skrifta vart større.
Av same grunn som i førre forslag er diktet på høgre side.

Her har eg velgt ein font som heiter Helvetica Neue Ultralight. Sidan den er grotesk har eg brukt blå i staden for svart slik at det ikkje skulle bli for "hardt". Blåfargen er henta fra havet på biletet, noko som gir ein heilhet. Eg likar godt denne skrifta sidan den er så luftig og lett å lese.
Det siste forslaget har eg biletet heildekkjande over beggje sidene. Det eg likte med dette er at biletet og diktet vart smelta meir i saman, og det er ikkje lenger to element kvar for seg. Skrifta er kvit for å vere "lett", synleg og nøytral slik at ho ikkje øydela biletet.

torsdag 17. februar 2011

Illustrasjon og grafisk design del 2

Idag har me arbeida vidare med bileta som skulle illustrere dikt, i Photoshop. 
Me gjorde bileta svartkvite.

Eg brukte funskjonen Gradient Map i ein 'adjustmentlayer'.

Det gjer ein slik:
Ein opnar biletet ein vil endre i Photoshop og følgjer desse stega:
Layer>New adjustment layer >Gradient map
Då får ein eit svartkvit-bilete med mange gråtonar:
  Vidare brukte eg 'curves' for å auke kontrasten i biletet.  
Layer>New adjustment layer >Curves
Ein får då opp eit vindauga som ser slik ut:
ved å endre kurva endrer ein lyset i biletet.

Etter å ha endra lyset slik eg ville, skulle me ta vekk 'svartkvit-laget' på delar av biletet. Det gjorde eg ved å lage ein overgang frå svart til kvit i 'layer maska' som gjer at biletet går frå svartkvit til farga på biletet. Denne overgangen laga eg med 'gradient tool'.  'Layer mask' fungerer slik at der maska er heilt
kvit viser laget heilt. Er maska svart, er laget usynleg og det som er grått er 'gjennomskineleg'
Slik vart biletet:

Korleis det var før redigeringa kan du sjå i førre innlegg.







tysdag 15. februar 2011

Illustrasjon og grafisk design del 1

I dag har eg arbeida med å ta bilete som skulle illustrere ulike dikt.
Dei to første bileta høyrer til diktet Kalypso av Åse Marie Nesse. Eg har teke bilete av stormande hav og Feistein fyr i bakgrunnen. Diktet handlar om at eit fyrlys blir tent for å lede all villfaren kjærleik til land.
Dessutan passar det seg godt med Feistein Fyr i og med at det nesten er eit symbol på Klepp, kommunen Åse Marie Nesse er frå.

Kalypso
Eg tenner eit fyrlys for alle som elskar
for dei som ror i ring og aldri finn same rytmen
for dei som berre lyder til signal
frå framande farty
for dei som støytte på grunn i medvind
for dei som styrer etter stive sjøkart
utan å ense måkars mjuke flog
for alle som kjenner dei sju hav
og aldri lodda djupa i sitt eige hjarta

eg tenner eit fylys
for all villfaren kjærleik
så vegen til det lova landet
blir synleg i natt

Lukker: 1/3200 Blenderåning: f/ 6.3 ISO: 200
Lukker: 1/500 Blenderåpning: f/6.3 ISO: 200


Det andre diktet eg har teke bilete til er Ord over grind av Halldis Moren Vesaas.
I dette diktet er grind eit viktig symbol. Trass grinda eg tok bilete av ikkje er ei typisk grind, likar eg godt kontrasten mellom treverket og metallet og dei bøyde linjene.

Ord over grind
Du går fram til mi inste grind,
og eg går òg fram til di.
Innanfor den er kvar av oss einsam,
og det skal vi alltid bli.
Aldri trenge seg lenger fram,
var lova som gjalt oss to.
Anten vi møttest tidt eller sjeldan
var møtet tillit og ro.

Står du der ikkje ein dag eg kjem
felle det meg lett å snu
når eg har stått litt og sett mot huset
og tenkt på at der bur du.

Så lenge eg veit du vil koma i blant
som no over knastande grus
og smile glad når du ser meg stå her,
skal eg ha ein heim i mitt hus.
 
Lukker: 1/400 Blenderåpning: 5.0 ISO: 200

torsdag 10. februar 2011

lukkerTID

Me har lært om og teke bilete med tanke på lukkerid.
Lukkertida bestemmer over kor langt tidsrom kameraet skal ta inn lys.
Eg samarbeida med Regine og Tonje, og du skulle nok likt å vera fluge på veggen.

Ein kan med kort lukkartid vise korleis noko ser ut i akkurat eit tusendelssekund. I løpet av så kort tid rekk ikkje ting å bevege seg særleg og ein får ein "fryst" bevegelse.
Lukkertid: 1/100 Blenderåpning: f/3.5
 Lukkertid: 1/200 Blenderåpning: f/3.5

Ein kan ta ta bilete med lang lukkertid og samle inn lys i fleire sekund og gi biletet tid i seg. I løpet av seks sekund kan det skje mykje og kameraet fangar heile bevegelsen med den lange lukkertida.

Lukkertid: 6" Blenderåpning: f/22
Lukkertid: 6" Blenderåpning: f/22
Lukkertid: 2" Blenderåpning: f/16
På kameraet kan ein stille kameraet inn på S (TV for time value på andre kamera) S står for 
shutterspeed. Då stiller ein sjølv inn lukkertida, så tilpasser kameraet seg i forhold til den.

torsdag 3. februar 2011

kopp

Dekoren på denne koppen har eg designa inspirert av byarkitektur, det var ei oppgåve i faget design og arkitektur. Eg brukte linjene i bygget Hauptbahnhof Berlin som utgangspunkt.
Meir om oppgåva og for å bilete av resten av klassen sine koppar finn du HER.