Viser innlegg med etiketten fem kategoriar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten fem kategoriar. Vis alle innlegg

tysdag 3. mai 2011

BESTE BILETE

Eg har valt dette som mitt beste bilete. Det har eg valt på grunn av fargane og stemninga. Eg likar korleis dei ufokserte linjene blir til eit nesten abstrakt utrykk og fargane forsterkar stemninga.
Meir om biletet kan du lese i innlegget "SYKKEL"

ROM


Klesklyper
 
Her var ideen å bruke dei mange linjene i snorene saman med blender for å få fram rommet i biletet.
Komposisjonen har mange skrålinjer/perspektivlinjer som skaper rom. Dette blir forsterka av blenderen. Klesklypene ein skimter i bakgrunnen lagar rytme, og kontrasten mellom små i bakgrunnen og større i forgrunnen.
Det er teke med eit Sony DSLR-a100 kamera.
Instillingane stod på: ISO: 100 Lukker: 1/320 Blender: f/5,6
Biletet er redigert i bridge der eg har auka lyset, kontrasten og gjort fargane itt meir intense. 
Eg har valt å berre ha eit bilete på rom fordi eg det er mykje rom i dei andre bileta eg har lagt under andre kategoriar. Eg har lært å finne spanande motiv i kvardagslege ting.

VÅR


Traktor som pløyer
Her var ideen å ta eit vårbilete som viste noko anna enn bløming av planter. Som nesten jærbu og oppvaksen på gard er det eit like viktig vårteikn at våronna har byrja som at hestehoven sprett fram. Det var dessutan veldig flaks at naboen pløgde jordet sitt med den fine gamle traktoren sin (han har ein grøn monstertraktor og) akkurat når eg var ute for å ta bilete.
Biletet har traktoren som interessepunkt og når ein ser to gongar på traktoren ser ein og fuglane i lufta som skapar interesse på ny. Eg har beskore biletet slik at traktoren hamnar i det gylne snitt og det ikkje er mykje som forstyrrar i biletet. Eg valde å ha biletet nokså avlangt fordi eg syns det framhever landskapet som er ganske flatt.
Det er teke ute midt på dagen, og hugsar eg rett var det overskya slik at sola så vidt brøyt gjennom. Lyset altså nokså skarpt, men jamnare enn sol.
Det er teke med eit Canon EOS 1000D kamera.
Instillingane stod på: ISO: 100 Lukker: 1/400 Blender: f/5,6
Eg har redigert biletet ganske mykje. TRYKK HER FOR ORIGINAL.
Eg har beskore det som nemnt tidlegare. Eg har gjort det skuggane mørkare og redigert lyset litt i curves. Eg har skrudd opp vibrance litt og auka lyset. Eg har gjort jorda varmare og grøntonane kaldare. Denne varm/kald kontrasten gir biletet meir rom sidan varme fargar kjem mot deg. 
Når eg tok dette biletet, måtte eg zoome veldig mykje og samtidig balansere på ein høg stein. Eg har alltid hatt problem med å sjå i kikkert og zooming er minst like utfordrande. Det hjelp heller ikkje at motivet køyrer fram og tilbake.  Når eg tok dette biletet, lærte eg at det jammen ikkje er enkelt å ta bilete av naboane sine med lange objektiv. 
EDIT: Denne traktoren driv visstnok å horver. Eg er tydeleg vis ikkje så jærbu likevel, men horving er og ein viktig del i våronna og har litt av den same funskjonen som pløying.
Hestehov
Hestehoven er eit symbol på vår. Ideen var derfor noko klisjé, men som sagt er det viktig vårteikn.
Komposisjonen har den gule blomen som interessepunkt med stilkane i blomane som vender seg utover i biletet. Linjene i stilkane fører blikket til blomen. Låg blender gjer at ein jamn bakgrunn framhever detaljane i blomane. Det er dessutan kontrast mellom grusen og plantene som fortel at denne blomen eigentleg er ugras. Eg syns det er kontrasten mellom den kalde, døde grusen og den levande planta som gjer biletet interessant.
Det er teke ute midt på dagen, og hugsar eg rett var det overskya slik at sola så vidt brøyt gjennom. Lyset altså nokså skarpt, men jamnare enn sol.
Det er teke med eit Canon EOS 1000D kamera.
Instillingane stod på: ISO: 100 Lukker: 1/640 Blender: f/5,6
Biletet er ikkje redigert. Eg prøvde ut å beskjære biletet på ulike måtar og auke kontrasten og fargane, men syns at det var best med såpass med ”luft” og roleg bakgrunn som originalen har. Med meir kontrast og farge vart det fint, men eit anna utrykk og biletet var ikkje lenger av ein ”beskjeden” hestehov, noko eg likar ved det.
Når eg skulle ta bilete av hestehovar, tok eg fleire heilt greie bilete utan at dei vart så spanande. Då eg tok bilete av blomane som vaks i grusen vart det med ein gong betre. Det eg lærte var at kontrastar i tekstur og materialar kan gjere eit bilete betre.
Spirer opp av jord


Her var ideen å ta bilete av noko som spirer og ”bryt seg opp” av jorda. Desse hadde dessutan ei form som tydeleg forte at dei gror. Dessutan ville eg framheve kontrasten mellom dei grøne plantene og den brune jorda.
Komposisjonen har mykje gjentaking av dei same formene, denne rytmen som kjem av like former er behageleg for hjernen som likar å sjå mønster. Samstundes er det varisasjon og kontrast i storleik som gjer at biletet likevel ikkje er kjedelig. I det gylne snitt finn ein ei større spire som blir interessepunkt.
Biletet er teke same dag som dei andre vårbileta, men i skuggen under nokre tre.
Det er teke med eit Sony DSLR-a100 kamera.
Instillingane stod på: ISO: 100 Lukker: 1/200 Blender: f/5,6
Dette biletet er ganske mykje redigert.TRYKK HER FOR ORIGINAL. 
Grøne bilete er vanskeleg å redigere fordi det fort blir for grønt. Derfor tok det litt tid å gjere biletet behageleg. Eg hr beskore det for betre komposisjon.
Eg har stilt opp blacks som er ein fin måte å auke kontrasten utan at lyset blir for skarpt. Eg har lagt biletet dobbelt med det øvste laget som soft ligt fill 33%.
Eg har eit blått lag med exclusion og opacity 9% for ein forsiktig gultone.
Eg har eit lag med den grøne ”channelen” som overlay opacity 26%.
Eg har eit lag med endringar i curves der eg har stilt opp raudfargen i jorda, dempa nokre grønfarger og auka andre for å framheve detaljane i plantene og eg har auka den blå kurven. Aukinga av den blå kurven utgjer ein viktig forskjell. Varmen og intensiteten i jord og planter gjorde biletet litt valdsamt, medan blåtonen gjer det behageleg å sjå på og ein fargeheilskap.
Til slutt la eg eit lag med svak auking i lys/kontrast med ei maske som gradvis gjer at det tones ut mellom plantene og jorda.  Når kontrasten og lyset var auka på jorda og, vart biletet for grønt.
Å redigere dette biletet har eg lært mykje av. Eg fann nye måtar å framheve detaljar og prøvde ut mange kombinasjonar av ulike photoshoptriks. Eg lærte mykje av å sjå kva som framheva andre ting i biletet og kva for nokre triks som ”slo kvarandre i hel”.

SYKKEL


Min første sykkel

Her var ideen å ta bilde av sykkelen eg hadde når eg var liten.
Komposisjonen har mange skrålinjer som gir spenning i bildet. Dette blir forsterka av at noko er i fokus og at biletet blir ”dusa” ut mot høgre.
Det er teke inni eit ganske mørkt rom. For kompensere for mangelen på lys  hadde eg nokså lang lukkartid og sette frå meg kameraet på ein stol.
Det er teke med eit Sony DSLR-a100 kamera.
Instillingane stod på: ISO: 100 Lukker: 1/6 Blender: f/4
Eg har redigert biletet som ”liksom-raw”. Dette har eg endra på:
Temperature: -12
Tint: +8
Recovery: 18
Blacks: 11
Brightness: +25
Contrast: +6
Clarity: +100
Vibrance: -35
Dessutan har eg endra kurva litt, brukt sharpening og endra fargane i Camera Collaboration. 
Dette biletet har lært meg at eit godt motiv gjer det lett å ta fine bilete.
Eg har valt å berre ha eit sykkelbilete fordi eg syns det var andre kategoriar som hadde fleire betre bilete.

BLENDER


Smoothie som tømes



Dette biletet er teke i sommar då eg og Andrea som er på biletet laga smoothie. Eg har valt å bruke dette biletet som er gammalt i denne kategorien fordi eg syns blendaren er brukt på ein god måte for å framheve det som skjer i biletet.
Komposisjonen har den rennande smoothien som interessepunkt. Dei to like glasa lagar rytme og Andrea sitt utrykk lagar liv i biletet og får fram kva som skjer. Dessutan er auga som blir heilt forvrengt gjennom glaset ein fin detalj. Bruken av blender lagar rom og plasserer blikket der eg vil det skal vere.
Det er teke inne på eit ganske lyst kjøkken midt på dagen. Lyset kjem inn gjennom vindauga frå venstre i biletet.
Det er teke med eit Sony DSLR-a100 kamera.
Instillingane stod på: ISO: 400 Lukker: 1/50 Blender: f/5,6
Eg har ikkje redigert biletet anna enn å rette det litt opp.
Sidan det er så lenge sidan eg tok dette biletet tenkte eg ikkje så veldig over alle desse tinga då. Men når eg gjekk gjennom dei gamle bileta mine for å finne nokon eg kunne bruke vart eg veldig bevisst på kva for nokre bilete eg hadde brukt blender på ein verknadsfull måte.
Smoothie i sollys 
 
Dette er og eit gamalt bilete frå i sommar også dette av smoothie. Eg har valt å bruke dette på grunn av at eg syns blendaren her er brukt på ein god måte for å plassere blikket når ein ser på biletet. Dessutan går fargane veldig godt ilag på dette biletet.
Komposisjonen i biletet har det eine grøne bladet som interessepunkt. Ellipsane i glaset lagar rytme. Sjølv om det er mykje fargar og former lagar dei områda som er ute av fokus ro i biletet og framhever den freistande smoothien.
Biletet er teke ute i sollys og ein kan sjå det sterke lyset som ei kvit stripe i smoothien.
Det er teke med eit Sony DSLR-a100 kamera.
Instillingane stod på: ISO: 100 Lukker: 1/1250 Blender: f/5,6
Eg har redigert biletet litt; eg skrudde opp kontrasten pittelitt og vibrance , men ikkje mykje. Det var for å gjera fargane endå klarare og biletet endå meir ”freistande”. TRYKK HER FOR ORIGINALFOTO
Også av dette biletet er det utveljinga som har våre viktig og eg har lært mykje av.
Klesklyper
Dette biletet var ideen å bruke blender for å få ein jamn bakgrunn som framhever klesklypene. Den grøne klesklypa er i det gylne snitt og den gule klesklypa lagar rytme. Dessutan gir den gule fargen betre fargebalanse i biletet.
Det er teke ute, midt på dagen med overskya vêr der sola nesten skin gjennom. Eg syns det er fine detaljar korleis lyset kjem gjennom klesklypa nokre plassar.
Det er teke med eit Sony DSLR-a100 kamera.
Instillingane stod på: ISO: 100 Lukker: 1/640 Blender: f/5,6
Eg har beskore biletet litt for ein betre komposisjon og endra fargane litt med curves i Bridge. TRYKK HER FOR ORIGINAL
Dette biletet har lært meg at urolege bakgrunnar kan gjere biletet spanande når dei er ufokuserte og har mykje kontrastar.

PORTRETT


Første portrett
 
Her var ideen å ta eit portrett av fine Maren. Biletet er teke nedanfrå for å ha himmelen som ein roleg bakgrunn, dessutan var det fint når vinden blas i håret hennar og det gjorde det når ho klatra opp på ein steingard.
Komposisjonen har maren sitt ansikt som interessepunkt, framheva av ein roleg og kald bakgrunn medan det blafrande håret lagar spenning og dramatikk i biletet.
Dette vart teke i kveldinga og det var nesten overskya, men sola stod lågt og skein litt. Når sola er så låg er lyset varmt og kjem meir frå sida. Dette gir ein veldig fin stemning i biletet.
Det er teke med eit Sony DSLR-a100 kamera.
Instillingane stod på: ISO: 100 Lukker: 1/100 Blender: f/9
Dette biletet har eg redigert mange gonger for å ha noko å velje i, for å sjå kva som framhever utrykket eg vil fram til og for å ikkje gjere det same eg alltid gjer.
Det forslaget eg gjekk for var berre redigert som ”liksom-raw” der eg stilte på følgjande:
Exposure: +0.25
Blacks: 13
Brightness: +16
Contrast: +6
Vibrance: +9
Saturation: -4
Dessutan endra eg litt på kurva.
HER er dei andre forslaga og HER er originalen.
Eg har lært mykje når eg har arbeida dette biletet, spesielt av å prøve ut mykje ulikt når eg redigerer for så å vurdere kva som framhever utrykket og kva som forstyrrar. Og ikkje minst kvar grensa mellom overredigert går.
Andre portrett 

Dette biletet er teke samstundes som det ovanfor. Og det vart eigentleg berre teke for å sjekke om eg hadde stilt inn kameraet passeleg. Men eg likar det litt omme blikket til maren og har derfor valt  bruke det. Eg syns det er fint med nokre portrett som ikkje er standard smilebilete eller med tydeleg posering.
Lys og kamera er endå det same.
Komposisjonen har maren i det gylne snitt. Det mykje ro og blasse fargar som framhever stemninga i biletet og utrykket til Maren.
Innstillingane kameraet hadde var: ISO: 100 Lukker: 1/200 Blender: f/5,6
Biletet er redigert som om det var RAW i Bridge. Eg har endra dette:
Exposure: +0.65
Fill light: 20
Blacks: 16
Brightness: -21
Contrast: +5
Clarity: +27
Vibrance: +40
Saturation: -51

Eg prøvde å redigere dette biletet på fleire måtar, HER er dei ulike forslaga. Eg prøvde på fleire måtar og lenge å ta vekk farge og gjere det varmare, kaldare for å sjå kva som framheva det litt tomme og skjøre utrykket best. Valet falt på dette.HER ER ORIGINALBILETET.
Ved å prøve ut så mange ting for så å velje ut eit av forslaga lærer eg å bli meir bevisst på kva slags utrykk biletet har.
Tredje protrett
Nok eit bilete av Maren. Her var ideen å ha steingarden som bakgrunn og ein litt ny vinkel. Det at biletet er teke ovanfrå og ned gjer at Maren ikkje får skugge i augene og dei er veldig klare.
Komposisjonen har maren sitt ansikt som interessepunkt og ein kald bakgrunn som framhever Maren.
Lys og kamera er enno det same.
Kameraet var innstilt på ISO: 100 Blender Lukker: 1/200 Blender: f/5,6
Dette biletet har eg valt på grunn av utrykket til Maren. Ho ser rett inn i kameraet og eg likte godt lyset i ansiktet hennar. Eg har auka blacks og vibrance for å framheve at biletet er ganske livlig, eg syns ikkje det trong meir redigering enn det. TRYKK HER FOR ORIGINAL
Av dette biletet har eg lært at det er veldig viktig å tenke på kvar lyset kjem frå når ein tek portrettbilete, for å unngå stygge skuggar som ”deler” ansiktet.

torsdag 17. mars 2011

BESTE BILETE


Etter mykje om og men har eg bestemt meg for at biletet eg likar best er biletet av handa. Det gjer eg på grunn av stemninga, og eg det minner om korleis det er når ein kjenner sola varmar. Meir om biletet har eg skrive under innlegget lys.
Alle innlegga til denne oppgåva er merka med etiketten fem kategoriar.

VATN


Bilete av sprutande vatn

Her var ideen å ta eit klassisk ”sprutande-vatn-bilete”.
I og med at det er litt vanskeleg å berekne korleis vatn sprutar var det vanskeleg å ha heile kontrollen på komposisjonen.  Men det er kontrast mellom små og store flater, dei organiske formene og det at vatnet sprutar viser bevegelsen i biletet. Eg hadde lukkaren så lågt det gjekk for å ”fryse” denne bevegelsen. For kontrast i biletet plasserte eg svarte ark og klede rundt om kring slik at noko mørkt skulle bli reflektert og lage lys/mørk-kontrast.
Det er teke i eit nokså mørkt rom med ein sterk lampe rett på vatnet, og blitsen på.
Det er teke med eit Sony DSLR-a100 kamera.
Instillingane var: ISO: 100 Blender: f/5,6 Lukker: 1/125
Eg har beskore biletet elles er det uredigert.
Då eg tok dette biletet lærte eg at det fort blir mykje søl. Og så vart eg nokså god til det å tøme vatn og trykke på knappen samstundes.

REFLEKSJONAR


Bilete av papirsvane
Her var ideen å ta bilete med spegel som underlag, for å få refleksjonar som var oppgåva.
Her er halsen til svana i interessepunkt. Bildet har svana i midten og biletet får balanse. Skrålinjene og det at svana står på skrå lagar perspektiv. Eg har brukt blender for å framheve rommet i biletet.  Det er kontrast mellom svana og dei store flatene i bakgrunnen som set farge på biletet.
Lyset her er to sterke lampar i eit elles mørkt rom.
Det er teke med eit Sony DSLR-a100 kamera.
Instillingane var: ISO: 100 Blender: f/5,6 Lukker: 1
Her har eg beskore og retta opp biletet litt i iPhoto, slik at det halsen kom i det gylne snitt og det vart beint.Trykk HER for original.
Av dette biletet har eg lært meg å setje lys på ei reflekterande flate utan at det kjem rett i kamera, og å byggje oppfinnsame kamerastativ når ein ikkje har eit ordentleg eit.
Bilete av levande svane
Dette biletet høyrer like mykje til i kategoriane vatn og dyr, og det var ingen anna tanke bak enn å fotografere det som er av dyr i Sandnes sentrum.
Svana er i det gylne snitt, og nebbet blir eit interessepunkt på grunn av den sterke fargen. Dei mjuke linjene, i tillegg til at svana faktisk sym,  lagar bevegelse i biletet. Bakgrunnen er roleg og framhever svana. Det er og stor kontrast mellom den mørke sjøen og den kvite svana.
Det  var overskya når biletet vart teke, og midt på dagen, lyset var altså ganske godt å fotografere i.
Det er teke med eit Sony DSLR-a100 kamera.
Instillingane var: ISO: 100 Blender: f/5,6 Lukker: 1/320
Eg har redigert dette biletet i Photoshop. Eg har brukt curves for å endra fargen. Laga eit svart kvit lag med ei maske som er svart elles, og grå på halsen til svana. Og utan at eg hugsar korleis det vart gjort klarte eg med mykje om og men gjere svana litt lysare utan at skukkane til fjæra forsvann. 
 For orginalbilete trykk HER.
Då eg tok dette biletet lærte eg at det ein kan kome heil heim, sjølv om ein går litt nærare ei svane enn kva ein har lyst til.

BLOMAR

  Bilete av to krokus.
 
Her var ideen å ta bilete av krokus nær nok slik at ein kunne sjå mønsteret og detaljane på kronblokkene og i blomen.
To nokså like blomar skapar rytme i biletet. Dessutan blir det rom i biletet av skrålinjene kronblokkene og graset dannar.  Midten til den venstre blomen er i interessepunkt som treff det gylne snitt.  Det blir rama inn av blandene rundt.
Det var litt overskya, men sola braut nesten gjennom. Så det var ganske sterkt lys ute, likevel laga det ikkje så skarpe skuggar på grunn sidan skyene ”fordeler” lyset.
Det er teke med eit Sony DSLR-a100 kamera.
Instillingane var: ISO: 100 Blender: f/5,6 Lukker: 1/200
Eg har beskore biletet litt. TrykkHER for original.
Bilete av magnolia
Her var ideen å få ein spanande bakgrunn av mørkare ,utydelege greiner, med lyse blomar i forgrunnen.
Dei fire blomane står i same retning og lagar rytme.  Det er kontrast mellom lyst og mørkt og i storleiken på blomane. Det er fleire skrålinjer, og det at blomane er større og mindre bak  gjer at biletet har rom. Dei duse lyse fargane gir biletet eit luftig utrykk.  Den store blendaropninga framhever dette.  Dei to grøna blada og mellomrommet dei er i er eit interessepunkt. Her er det stor kontrast mellom den veldig rolege bakgrunnen der,, dei skarpe blada og den mørke greina. Sterke kontrastar saman med det gylne snitt, tiltrekker seg blikket.
Det er teke med eit Sony DSLR-a100 kamera og er ikkje redigert.
Instillingane var: ISO: 100 Blender: f/5,6 Lukker: 1/800
Då eg tok desse bileta lærte eg at det er lov å sjå litt sær ut som turist i ein blømande park. Dessutan er det lov å trø på gras når ein ikkje kan lesa skilta som seier det er forbode og har ei oppgåve å løysa. 

Bilete av "blomeskjelett" 


Her var ideen å ta bilete av desse blomane som berre er skjelett no om vinteren. Eg likte korleis dei er ein kontrast til det fargerike og frodige som elles fell under denne kategorien.  
Her er det  skrålinjer som gjer biletet spanande, med den kvitaste blomen som interessepunkt i det gylne snitt. Det er kontrast mellom lyst og mørkt og mellom skarpt og uskarpt. Dei same formene (blomane) blir gjenteke fleire gonger og lagar rytme.
Biletet er teke ute, midt på dagen, under ein overskya himmel. Lyset er nokså kvitt og mjukt. (eg trur kanskje lysstyrken stod var stilt pittelitt på plussida utan vilje, men det er eg ikkje sikker på)
Det er teke med eit Sony DSLR-a100 kamera og er ikkje redigert.
Instillingane var: ISO: 125 Blender: f/5.6 Lukker: 1/100
Dette er teke den dagen me skulle gå ut å ta bilete med tanke på blendaropning. Så den dagen eg tok dette biletet lærte eg at eg skulle vera meir bevisst på å bruke stor blendaropning for å framheve detaljar i eit bilete.
 

KOMPOSISJON

Bilete av sand

Då eg var på stranda hadde frosten og vinden danna spanande mønster, ideen var å fange dette.
I biletet er det ei skrålinje danna av hola i sanden, lav blender forsterkar dette og samlar formene til ei meir samla linje i bakgrunnen. Den viktigaste kontrasten i biletet er lys/mørk kontrasten, og eg likar korleis heile biletet berre er sand og i ein farge.
Dessutan er det kontrast mellom store og små flater, som er gradert over i kvarandre. Dette skapar spenning i biletet.
Det vart teke midt på dagen, og det var overskya. Lyset var altså nokså mjukt, og jamnt.
Det er teke med Canon EOS 1000d og det er ikkje redigert.
Instillingane var: ISO: 200 Blender: f/5.6 Lukker: 1/200
Då eg tok dette biletet var det med eit ukjent kamera. Derfor var det nokre innstillingar eg ikkje visste kvar låg, men fann det ut etter kvart. Eg lærte meg altså å handtere eit nytt kamera. (I tilegg til å ta bilete med tjukke vottar på)
Bilete av gardin

Her er ideen å ta bilete ta bilete av gardina mi, fordi eg tenkte at teksturen og det at ho er gjennomsiktleg gjorde at det er eit spanande motiv.
Der lyset treff gardina kjem i det gylne snitt, og det alle dei organiske formene som saman dannar ei organisk linje gir biletet bevegelse.  Skrålinja bak lagar perspektiv saman med det at ein ser korleis gardina er framføre noko. Dei raude sirklane blir gjentekne former, og lagar rytme.
Lyset er kveldsol, og bakgrunnen er den kalde himmelen. Utelyset er likevel ikkje så skarpt, sidan vindauga er dekka med dropar og lav blender lagar fine graderingar mellom lyst og mørkt.
Det er teke med eit Sony DSLR-a100 kamera og er ikkje redigert.
Instillingane var: ISO: 400 Blender: f/6,3 Lukker: 1/125
Det eg har lært av å ta dette biletet var å stille inn ISO slik at ein kan ha nokså høg lukkarhastighet samstundes som blendaren er låg.

LYS


  Lys i hand
 
Ideen i dette biletet var å fange korleis skyggane vart kalde, når lyset var så varmt. Motivet er er hand fordi eg likar at det nesten ser ut som ho ”kjenner på” lyset. Dessutan er det glitter i handa for at det skal vere meir lys som blir reflektert og det gir ein fin kontrast til huda.
Komposisjonen i biletet består mest av dei organsike linjene i handa som skapar bevegelse. Det har eit interessepunkt der fokuset er klart, i handflata, og det ligg i det gylne snitt. Kald/varm kontrasten framhever linjene i handa og der fokuset er klart gjer denne kontrasten mønsteret i huda tydeleg og spanande.  Mindre tydeleg er fingrane, men dei skaper ein rytme i biletet i og med dei er nokså like og i same retning.  Bakgrunnen er roleg og har ein gradering som går over ei mykje større flate enn dei i handa. Dette skaper ro og luft i biletet. Fargen er dessutan ikkje så klar, og  trekk seg tilbake og skapar rom.
Lyset i biletet kjem frå kveldsol, som skin gjennom eit vindauga fullt av regndråpar (bakgrunnen).
Det er teke med eit Sony DSLR-a100 kamera og er ikkje redigert.
Instillingane var: ISO: 160 Blender: f/5.6 Lukker: 1/80
Det eg har lært i dette biletet er at ein alltid har eit spanande motiv tilgjengeleg, og når eg tok biletet lærte eg meg å stille inn kvitbalanse på kameraet. 
Lys på kafé

Dette biletet er teke etter at eg gløymde å stille inn lukkaren på ein nokså mørk kafé. Det biletet vart ikkje noko særleg, men eg likte korleis det var tynne og tjukkare. Derfor tok eg eit bilete til, der eg tok litt meir kontroll over lys-stripene.
Det er mykje bevegelse i biletet og ein følgjer den organiske linja med auga. Dei tynnare stripene har eit jamt mellomrom og lagar rytme. Det er kontrast mellom mørkt og lyst, og mellom tynnare og kraftigare striper.
Lyset er små spottar langs ein scenekant og eit stearinlys på eit bord. Det var elles nokså mørkt i rommet.
Det er teke med eit Sony DSLR-a100 kamera og er ikkje redigert.
Instillingane var: ISO: 100 Blender: f/5.3 Lukker: 5
Av dette biletet lærte eg at mislykka bilete ikkje alltid er så mislykka.