torsdag 26. mai 2011

Sluttinnlegg

No takkar eg for meg.
Denne bloggen vil bli verande slik den er, eg kjem ikkje til å oppdatere meir. Eg håpar nye lesarar kan finne inspirasjon sjølv om innlegga er gamle.

Lenkjer

No har eg samla favoritt lenkjene mine i lista til høgre "lenkjer til inspirajson".
Og eg klarer ikkje heilt å la vera å fortelja om favorittbiletene mine. Eg er litt redd de skal gå glipp av dei.


Biletet er teke av Albert Watson og er ikkje mitt. Lenkje finn du til høgre
Albert Watson: fine portrett av både kjendisar, supermodellar og born og gamle. Både fattige og rike. Mitt favorittbilete av han er biletet over.
Camilla Åkrans: kjempefin serie for Vogue China. Den nest nedste stripa bilete.
Cold AM: Favorittbiletet ligg litt nede på sida og er fuglar som fyk over ein skog.
David LaChapelle: festlige konsept, fine detaljar og refererer ofte til kjente måleri. Favorittane er bileta med oppblåsbar fastfood som moser modellar.
Hilde Kvivik Kalvi: Har ein heilt fantastisk serie som heiter 'Landscape of mind'.
Nirrimi: Eit supertalent som er på vår alder. Favorittbiletet er ei jente med rotter på skuldrene.
Samson: Broren min. Eg trur eg likar biletet av pappen og jonsokbål best+ fine india-bilete
The Dream Walking Society: Ein stad ulike personar samlar bilete som inspirerar dei.
Tim Walker: Har du ikkje høyrt om han, er det jammen på tide. Fantastiske sett og konsept.
Yendoo Jung: Fotografi med barneteikningar som utgangspunkt. Superfasinerande!

God gamaldags photoshopmoro

Same personar på same bilete er eit enkelt triks.
Ein tek fleire bilete utan å flytte kamera eller endre innstillingar.
I Photoshop legg ein desse bileta oppå kvarandre i fleire lag.
Ein legg ei svart maske på laga (ikkje bakgrunnen). Så bruker ein kvit brush for for å gjere laget synleg der personen er. (Sjå bilete av laga her)


Gamle eksempel:

søndag 22. mai 2011

mini



Slikt gjer ein i photoshop. Då legg ein biletet dobbelt. Lagar lens-blur filter på det øvste, tek ei maske på dette laget som er svart der det skal vere skarpt og som gradvis går over i kvitt og til slutt aukar ein saturationen i biletet i eit adjustment-layer.

torsdag 19. mai 2011

Stavanger nittande mai

Idag har me ikkje vore på skulen, men i Stavanger.Me fekk eit læringsoppdrag, å ta bilete i reportasjestil av byen. Eg har valt å ta bilete av marknadstilbodet i byen. Eg tok derfor bilete av grønsakstboder, hyggeleg handel mellom ei gamal dame og ein blomsterhandlar. I kontrast til desse friske, fargerike varene, tok eg med eit bilete av ei bod som sel smykker.


Lukker: 1/250 Blender: f/4,0 ISO:100
Lukker: 1/500 Blender: f/5,6 ISO:100
Lukker: 1/800 Blender: f/5,6 ISO:100

torsdag 12. mai 2011

Oppsummering


FOTO
Denne våren har eg lært mykje. Det viktigaste eg har lært meiner eg er å tenkje over komposisjonen i bileta mine i mykje større grad.  Det å ta seg tid til sjå skikkeleg på motivet, finne linjene og plassere det på ein god måte i formatet, har gjort at eg no tek betre bilete enn før. Dessutan har eg blitt flinkare til å redigere bileta mine og har brukt mykje tid på å lære meg nye ting og vurdere kva som er best.
Oppgåvene har våre kjekke og opne, slik at det eg har tenkt nøye gjennom kva eg vil ha som motiv. 
BLOGG
Eg syns blogging har fungert veldig bra. Det er ein fin måte å vise fram arbeidet sitt, og det har vore inspirerande å sjå korleis dei andre i klassen har løyst oppgåvene.
Det som har vore utfordrande men spanande med blogging er å blande dei reint tekniske tinga ein har gjort for å ta bilete, men òg ide og tankar bak biletet i ein tekst slik at lesarane betre forstår "besvarelsen" på oppgåva.
Dessutan har det vore oversiktleg og bra med ein fellesblogg for heile klassen.
ARBEIDSMETODAR
Eg har likt arbeidsmetodane. Å ta bilete er noko praktisk, og eg syns det var passeleg med teori som lærte oss å ta betre bilete. Det å blogge om det me har lært i timane har våre veldig effektivt. Eg lærer mykje når eg må formulere stoffet med eigne ord. Då tenkjer ein gjennom stoffet på nytt, og det sit betre. 
Alt i alt syns eg det har fungert veldig bra. Foto har vore eit kjekt fag.

Bokomslag

Me fekk i oppgåve å lage eit bokomslag til ei bok som skulle ha tittelen"Sort", der me skulle bruke eit bilete i svartkvit og arbeide med layout i InDesign. Sidan eg føretrekk å bruke nynorsk er tittelen eg har brukt "Svart".
Eg har arbeida med ulike foto og laga mange forslag med kvart foto som utgangspunkt.
Eit av bileta eg arbeida med var lys som skin gjennom tretoppar, men det er ute av fokus så det blir som eit mønster:  Lys 1 , Lys 2ogLys 3
 Det eg likte med dessse forslaga var at biletet kan passe til kva bok som helst.
Neste bilete eg brukte var av nokre vissne blomar. Eg brukte dette biletet fordi eg likte korleis plantene vart "harde og uhyggelege" med auka kontrast og i svartkvit. Dette er forslaga eg laga med dei:
Eg bestemte meg for å prøve ut med eit bilete der sjangeren på boka er tydelegare. I og med at tittelen er "Svart" tenkte eg at det måtte vere eit ubehageleg bilete som kunne passe til ei trist eller skummel bok. Eg valte derfor eit bilete teke med lang lukkertid der Regine ser ut som eit spøkelse. Eg likar at med første augnekast ser det litt tomt ut, med ein svart stol. Når ein ser betre etter, skimtar ein ein person.



Eg har valt ein klassisk antikva skrift, men ei litt større og annleis skrift på tittelen. Eg har plassert den høgrestilt og slik at linjene i biletet ramma tilttelen inn.

tysdag 3. mai 2011

BESTE BILETE

Eg har valt dette som mitt beste bilete. Det har eg valt på grunn av fargane og stemninga. Eg likar korleis dei ufokserte linjene blir til eit nesten abstrakt utrykk og fargane forsterkar stemninga.
Meir om biletet kan du lese i innlegget "SYKKEL"

ROM


Klesklyper
 
Her var ideen å bruke dei mange linjene i snorene saman med blender for å få fram rommet i biletet.
Komposisjonen har mange skrålinjer/perspektivlinjer som skaper rom. Dette blir forsterka av blenderen. Klesklypene ein skimter i bakgrunnen lagar rytme, og kontrasten mellom små i bakgrunnen og større i forgrunnen.
Det er teke med eit Sony DSLR-a100 kamera.
Instillingane stod på: ISO: 100 Lukker: 1/320 Blender: f/5,6
Biletet er redigert i bridge der eg har auka lyset, kontrasten og gjort fargane itt meir intense. 
Eg har valt å berre ha eit bilete på rom fordi eg det er mykje rom i dei andre bileta eg har lagt under andre kategoriar. Eg har lært å finne spanande motiv i kvardagslege ting.

VÅR


Traktor som pløyer
Her var ideen å ta eit vårbilete som viste noko anna enn bløming av planter. Som nesten jærbu og oppvaksen på gard er det eit like viktig vårteikn at våronna har byrja som at hestehoven sprett fram. Det var dessutan veldig flaks at naboen pløgde jordet sitt med den fine gamle traktoren sin (han har ein grøn monstertraktor og) akkurat når eg var ute for å ta bilete.
Biletet har traktoren som interessepunkt og når ein ser to gongar på traktoren ser ein og fuglane i lufta som skapar interesse på ny. Eg har beskore biletet slik at traktoren hamnar i det gylne snitt og det ikkje er mykje som forstyrrar i biletet. Eg valde å ha biletet nokså avlangt fordi eg syns det framhever landskapet som er ganske flatt.
Det er teke ute midt på dagen, og hugsar eg rett var det overskya slik at sola så vidt brøyt gjennom. Lyset altså nokså skarpt, men jamnare enn sol.
Det er teke med eit Canon EOS 1000D kamera.
Instillingane stod på: ISO: 100 Lukker: 1/400 Blender: f/5,6
Eg har redigert biletet ganske mykje. TRYKK HER FOR ORIGINAL.
Eg har beskore det som nemnt tidlegare. Eg har gjort det skuggane mørkare og redigert lyset litt i curves. Eg har skrudd opp vibrance litt og auka lyset. Eg har gjort jorda varmare og grøntonane kaldare. Denne varm/kald kontrasten gir biletet meir rom sidan varme fargar kjem mot deg. 
Når eg tok dette biletet, måtte eg zoome veldig mykje og samtidig balansere på ein høg stein. Eg har alltid hatt problem med å sjå i kikkert og zooming er minst like utfordrande. Det hjelp heller ikkje at motivet køyrer fram og tilbake.  Når eg tok dette biletet, lærte eg at det jammen ikkje er enkelt å ta bilete av naboane sine med lange objektiv. 
EDIT: Denne traktoren driv visstnok å horver. Eg er tydeleg vis ikkje så jærbu likevel, men horving er og ein viktig del i våronna og har litt av den same funskjonen som pløying.
Hestehov
Hestehoven er eit symbol på vår. Ideen var derfor noko klisjé, men som sagt er det viktig vårteikn.
Komposisjonen har den gule blomen som interessepunkt med stilkane i blomane som vender seg utover i biletet. Linjene i stilkane fører blikket til blomen. Låg blender gjer at ein jamn bakgrunn framhever detaljane i blomane. Det er dessutan kontrast mellom grusen og plantene som fortel at denne blomen eigentleg er ugras. Eg syns det er kontrasten mellom den kalde, døde grusen og den levande planta som gjer biletet interessant.
Det er teke ute midt på dagen, og hugsar eg rett var det overskya slik at sola så vidt brøyt gjennom. Lyset altså nokså skarpt, men jamnare enn sol.
Det er teke med eit Canon EOS 1000D kamera.
Instillingane stod på: ISO: 100 Lukker: 1/640 Blender: f/5,6
Biletet er ikkje redigert. Eg prøvde ut å beskjære biletet på ulike måtar og auke kontrasten og fargane, men syns at det var best med såpass med ”luft” og roleg bakgrunn som originalen har. Med meir kontrast og farge vart det fint, men eit anna utrykk og biletet var ikkje lenger av ein ”beskjeden” hestehov, noko eg likar ved det.
Når eg skulle ta bilete av hestehovar, tok eg fleire heilt greie bilete utan at dei vart så spanande. Då eg tok bilete av blomane som vaks i grusen vart det med ein gong betre. Det eg lærte var at kontrastar i tekstur og materialar kan gjere eit bilete betre.
Spirer opp av jord


Her var ideen å ta bilete av noko som spirer og ”bryt seg opp” av jorda. Desse hadde dessutan ei form som tydeleg forte at dei gror. Dessutan ville eg framheve kontrasten mellom dei grøne plantene og den brune jorda.
Komposisjonen har mykje gjentaking av dei same formene, denne rytmen som kjem av like former er behageleg for hjernen som likar å sjå mønster. Samstundes er det varisasjon og kontrast i storleik som gjer at biletet likevel ikkje er kjedelig. I det gylne snitt finn ein ei større spire som blir interessepunkt.
Biletet er teke same dag som dei andre vårbileta, men i skuggen under nokre tre.
Det er teke med eit Sony DSLR-a100 kamera.
Instillingane stod på: ISO: 100 Lukker: 1/200 Blender: f/5,6
Dette biletet er ganske mykje redigert.TRYKK HER FOR ORIGINAL. 
Grøne bilete er vanskeleg å redigere fordi det fort blir for grønt. Derfor tok det litt tid å gjere biletet behageleg. Eg hr beskore det for betre komposisjon.
Eg har stilt opp blacks som er ein fin måte å auke kontrasten utan at lyset blir for skarpt. Eg har lagt biletet dobbelt med det øvste laget som soft ligt fill 33%.
Eg har eit blått lag med exclusion og opacity 9% for ein forsiktig gultone.
Eg har eit lag med den grøne ”channelen” som overlay opacity 26%.
Eg har eit lag med endringar i curves der eg har stilt opp raudfargen i jorda, dempa nokre grønfarger og auka andre for å framheve detaljane i plantene og eg har auka den blå kurven. Aukinga av den blå kurven utgjer ein viktig forskjell. Varmen og intensiteten i jord og planter gjorde biletet litt valdsamt, medan blåtonen gjer det behageleg å sjå på og ein fargeheilskap.
Til slutt la eg eit lag med svak auking i lys/kontrast med ei maske som gradvis gjer at det tones ut mellom plantene og jorda.  Når kontrasten og lyset var auka på jorda og, vart biletet for grønt.
Å redigere dette biletet har eg lært mykje av. Eg fann nye måtar å framheve detaljar og prøvde ut mange kombinasjonar av ulike photoshoptriks. Eg lærte mykje av å sjå kva som framheva andre ting i biletet og kva for nokre triks som ”slo kvarandre i hel”.

SYKKEL


Min første sykkel

Her var ideen å ta bilde av sykkelen eg hadde når eg var liten.
Komposisjonen har mange skrålinjer som gir spenning i bildet. Dette blir forsterka av at noko er i fokus og at biletet blir ”dusa” ut mot høgre.
Det er teke inni eit ganske mørkt rom. For kompensere for mangelen på lys  hadde eg nokså lang lukkartid og sette frå meg kameraet på ein stol.
Det er teke med eit Sony DSLR-a100 kamera.
Instillingane stod på: ISO: 100 Lukker: 1/6 Blender: f/4
Eg har redigert biletet som ”liksom-raw”. Dette har eg endra på:
Temperature: -12
Tint: +8
Recovery: 18
Blacks: 11
Brightness: +25
Contrast: +6
Clarity: +100
Vibrance: -35
Dessutan har eg endra kurva litt, brukt sharpening og endra fargane i Camera Collaboration. 
Dette biletet har lært meg at eit godt motiv gjer det lett å ta fine bilete.
Eg har valt å berre ha eit sykkelbilete fordi eg syns det var andre kategoriar som hadde fleire betre bilete.

BLENDER


Smoothie som tømes



Dette biletet er teke i sommar då eg og Andrea som er på biletet laga smoothie. Eg har valt å bruke dette biletet som er gammalt i denne kategorien fordi eg syns blendaren er brukt på ein god måte for å framheve det som skjer i biletet.
Komposisjonen har den rennande smoothien som interessepunkt. Dei to like glasa lagar rytme og Andrea sitt utrykk lagar liv i biletet og får fram kva som skjer. Dessutan er auga som blir heilt forvrengt gjennom glaset ein fin detalj. Bruken av blender lagar rom og plasserer blikket der eg vil det skal vere.
Det er teke inne på eit ganske lyst kjøkken midt på dagen. Lyset kjem inn gjennom vindauga frå venstre i biletet.
Det er teke med eit Sony DSLR-a100 kamera.
Instillingane stod på: ISO: 400 Lukker: 1/50 Blender: f/5,6
Eg har ikkje redigert biletet anna enn å rette det litt opp.
Sidan det er så lenge sidan eg tok dette biletet tenkte eg ikkje så veldig over alle desse tinga då. Men når eg gjekk gjennom dei gamle bileta mine for å finne nokon eg kunne bruke vart eg veldig bevisst på kva for nokre bilete eg hadde brukt blender på ein verknadsfull måte.
Smoothie i sollys 
 
Dette er og eit gamalt bilete frå i sommar også dette av smoothie. Eg har valt å bruke dette på grunn av at eg syns blendaren her er brukt på ein god måte for å plassere blikket når ein ser på biletet. Dessutan går fargane veldig godt ilag på dette biletet.
Komposisjonen i biletet har det eine grøne bladet som interessepunkt. Ellipsane i glaset lagar rytme. Sjølv om det er mykje fargar og former lagar dei områda som er ute av fokus ro i biletet og framhever den freistande smoothien.
Biletet er teke ute i sollys og ein kan sjå det sterke lyset som ei kvit stripe i smoothien.
Det er teke med eit Sony DSLR-a100 kamera.
Instillingane stod på: ISO: 100 Lukker: 1/1250 Blender: f/5,6
Eg har redigert biletet litt; eg skrudde opp kontrasten pittelitt og vibrance , men ikkje mykje. Det var for å gjera fargane endå klarare og biletet endå meir ”freistande”. TRYKK HER FOR ORIGINALFOTO
Også av dette biletet er det utveljinga som har våre viktig og eg har lært mykje av.
Klesklyper
Dette biletet var ideen å bruke blender for å få ein jamn bakgrunn som framhever klesklypene. Den grøne klesklypa er i det gylne snitt og den gule klesklypa lagar rytme. Dessutan gir den gule fargen betre fargebalanse i biletet.
Det er teke ute, midt på dagen med overskya vêr der sola nesten skin gjennom. Eg syns det er fine detaljar korleis lyset kjem gjennom klesklypa nokre plassar.
Det er teke med eit Sony DSLR-a100 kamera.
Instillingane stod på: ISO: 100 Lukker: 1/640 Blender: f/5,6
Eg har beskore biletet litt for ein betre komposisjon og endra fargane litt med curves i Bridge. TRYKK HER FOR ORIGINAL
Dette biletet har lært meg at urolege bakgrunnar kan gjere biletet spanande når dei er ufokuserte og har mykje kontrastar.

PORTRETT


Første portrett
 
Her var ideen å ta eit portrett av fine Maren. Biletet er teke nedanfrå for å ha himmelen som ein roleg bakgrunn, dessutan var det fint når vinden blas i håret hennar og det gjorde det når ho klatra opp på ein steingard.
Komposisjonen har maren sitt ansikt som interessepunkt, framheva av ein roleg og kald bakgrunn medan det blafrande håret lagar spenning og dramatikk i biletet.
Dette vart teke i kveldinga og det var nesten overskya, men sola stod lågt og skein litt. Når sola er så låg er lyset varmt og kjem meir frå sida. Dette gir ein veldig fin stemning i biletet.
Det er teke med eit Sony DSLR-a100 kamera.
Instillingane stod på: ISO: 100 Lukker: 1/100 Blender: f/9
Dette biletet har eg redigert mange gonger for å ha noko å velje i, for å sjå kva som framhever utrykket eg vil fram til og for å ikkje gjere det same eg alltid gjer.
Det forslaget eg gjekk for var berre redigert som ”liksom-raw” der eg stilte på følgjande:
Exposure: +0.25
Blacks: 13
Brightness: +16
Contrast: +6
Vibrance: +9
Saturation: -4
Dessutan endra eg litt på kurva.
HER er dei andre forslaga og HER er originalen.
Eg har lært mykje når eg har arbeida dette biletet, spesielt av å prøve ut mykje ulikt når eg redigerer for så å vurdere kva som framhever utrykket og kva som forstyrrar. Og ikkje minst kvar grensa mellom overredigert går.
Andre portrett 

Dette biletet er teke samstundes som det ovanfor. Og det vart eigentleg berre teke for å sjekke om eg hadde stilt inn kameraet passeleg. Men eg likar det litt omme blikket til maren og har derfor valt  bruke det. Eg syns det er fint med nokre portrett som ikkje er standard smilebilete eller med tydeleg posering.
Lys og kamera er endå det same.
Komposisjonen har maren i det gylne snitt. Det mykje ro og blasse fargar som framhever stemninga i biletet og utrykket til Maren.
Innstillingane kameraet hadde var: ISO: 100 Lukker: 1/200 Blender: f/5,6
Biletet er redigert som om det var RAW i Bridge. Eg har endra dette:
Exposure: +0.65
Fill light: 20
Blacks: 16
Brightness: -21
Contrast: +5
Clarity: +27
Vibrance: +40
Saturation: -51

Eg prøvde å redigere dette biletet på fleire måtar, HER er dei ulike forslaga. Eg prøvde på fleire måtar og lenge å ta vekk farge og gjere det varmare, kaldare for å sjå kva som framheva det litt tomme og skjøre utrykket best. Valet falt på dette.HER ER ORIGINALBILETET.
Ved å prøve ut så mange ting for så å velje ut eit av forslaga lærer eg å bli meir bevisst på kva slags utrykk biletet har.
Tredje protrett
Nok eit bilete av Maren. Her var ideen å ha steingarden som bakgrunn og ein litt ny vinkel. Det at biletet er teke ovanfrå og ned gjer at Maren ikkje får skugge i augene og dei er veldig klare.
Komposisjonen har maren sitt ansikt som interessepunkt og ein kald bakgrunn som framhever Maren.
Lys og kamera er enno det same.
Kameraet var innstilt på ISO: 100 Blender Lukker: 1/200 Blender: f/5,6
Dette biletet har eg valt på grunn av utrykket til Maren. Ho ser rett inn i kameraet og eg likte godt lyset i ansiktet hennar. Eg har auka blacks og vibrance for å framheve at biletet er ganske livlig, eg syns ikkje det trong meir redigering enn det. TRYKK HER FOR ORIGINAL
Av dette biletet har eg lært at det er veldig viktig å tenke på kvar lyset kjem frå når ein tek portrettbilete, for å unngå stygge skuggar som ”deler” ansiktet.