I dag har eg arbeida med å ta bilete som skulle illustrere ulike dikt.
Dei to første bileta høyrer til diktet
Kalypso av Åse Marie Nesse. Eg har teke bilete av stormande hav og Feistein fyr i bakgrunnen. Diktet handlar om at eit fyrlys blir tent for å lede all villfaren kjærleik til land.
Dessutan passar det seg godt med Feistein Fyr i og med at det nesten er eit symbol på Klepp, kommunen Åse Marie Nesse er frå.
Kalypso
Eg tenner eit fyrlys for alle som elskar
for dei som ror i ring og aldri finn same rytmen
for dei som berre lyder til signal
frå framande farty
for dei som støytte på grunn i medvind
for dei som styrer
etter stive sjøkart
utan å ense måkars mjuke flog
for alle som kjenner dei sju hav
og aldri lodda djupa i sitt eige hjarta
eg tenner eit fylys
for all villfaren kjærleik
så vegen til det lova landet
blir synleg i natt
Lukker: 1/3200 Blenderåning: f/ 6.3 ISO: 200

Lukker: 1/500 Blenderåpning: f/6.3 ISO: 200
Det andre diktet eg har teke bilete til er
Ord over grind av Halldis Moren Vesaas.
I dette diktet er grind eit viktig symbol. Trass grinda eg tok bilete av ikkje er ei typisk grind, likar eg godt kontrasten mellom treverket og metallet og dei bøyde linjene.
Ord over grind
Du går fram til mi inste grind,
og eg går òg fram til di.
Innanfor den er kvar av oss einsam,
og det skal vi alltid bli.
Aldri trenge seg lenger fram,
var lova som gjalt oss to.
Anten vi møttest tidt eller sjeldan
var møtet tillit og ro.
Står du der ikkje ein dag eg kjem
felle det meg lett å snu
når eg har stått litt og sett mot huset
og tenkt på at der bur du.
Så lenge eg veit du vil koma i blant
som no over knastande grus
og smile glad når du ser meg stå her,
skal eg ha ein heim i mitt hus.
Lukker: 1/400 Blenderåpning: 5.0 ISO: 200