FOTO
Denne våren har eg lært mykje. Det viktigaste eg har lært meiner eg er å tenkje over komposisjonen i bileta mine i mykje større grad. Det å ta seg tid til sjå skikkeleg på motivet, finne linjene og plassere det på ein god måte i formatet, har gjort at eg no tek betre bilete enn før. Dessutan har eg blitt flinkare til å redigere bileta mine og har brukt mykje tid på å lære meg nye ting og vurdere kva som er best.
Oppgåvene har våre kjekke og opne, slik at det eg har tenkt nøye gjennom kva eg vil ha som motiv.
BLOGG
Eg syns blogging har fungert veldig bra. Det er ein fin måte å vise fram arbeidet sitt, og det har vore inspirerande å sjå korleis dei andre i klassen har løyst oppgåvene.
Det som har vore utfordrande men spanande med blogging er å blande dei reint tekniske tinga ein har gjort for å ta bilete, men òg ide og tankar bak biletet i ein tekst slik at lesarane betre forstår "besvarelsen" på oppgåva.
Dessutan har det vore oversiktleg og bra med ein fellesblogg for heile klassen.
ARBEIDSMETODAR
Eg har likt arbeidsmetodane. Å ta bilete er noko praktisk, og eg syns det var passeleg med teori som lærte oss å ta betre bilete. Det å blogge om det me har lært i timane har våre veldig effektivt. Eg lærer mykje når eg må formulere stoffet med eigne ord. Då tenkjer ein gjennom stoffet på nytt, og det sit betre.
Alt i alt syns eg det har fungert veldig bra. Foto har vore eit kjekt fag.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar