Første portrett
Her var ideen å ta eit portrett av fine Maren. Biletet er teke nedanfrå for å ha himmelen som ein roleg bakgrunn, dessutan var det fint når vinden blas i håret hennar og det gjorde det når ho klatra opp på ein steingard.
Komposisjonen har maren sitt ansikt som interessepunkt, framheva av ein roleg og kald bakgrunn medan det blafrande håret lagar spenning og dramatikk i biletet.
Dette vart teke i kveldinga og det var nesten overskya, men sola stod lågt og skein litt. Når sola er så låg er lyset varmt og kjem meir frå sida. Dette gir ein veldig fin stemning i biletet.
Det er teke med eit Sony DSLR-a100 kamera.
Instillingane stod på: ISO: 100 Lukker: 1/100 Blender: f/9
Dette biletet har eg redigert mange gonger for å ha noko å velje i, for å sjå kva som framhever utrykket eg vil fram til og for å ikkje gjere det same eg alltid gjer.
Det forslaget eg gjekk for var berre redigert som ”liksom-raw” der eg stilte på følgjande:
Exposure: +0.25
Blacks: 13
Brightness: +16
Contrast: +6
Vibrance: +9
Saturation: -4
Dessutan endra eg litt på kurva.
Eg har lært mykje når eg har arbeida dette biletet, spesielt av å prøve ut mykje ulikt når eg redigerer for så å vurdere kva som framhever utrykket og kva som forstyrrar. Og ikkje minst kvar grensa mellom overredigert går.
Andre portrett
Dette biletet er teke samstundes som det ovanfor. Og det vart eigentleg berre teke for å sjekke om eg hadde stilt inn kameraet passeleg. Men eg likar det litt omme blikket til maren og har derfor valt bruke det. Eg syns det er fint med nokre portrett som ikkje er standard smilebilete eller med tydeleg posering.
Lys og kamera er endå det same.
Komposisjonen har maren i det gylne snitt. Det mykje ro og blasse fargar som framhever stemninga i biletet og utrykket til Maren.
Innstillingane kameraet hadde var: ISO: 100 Lukker: 1/200 Blender: f/5,6
Biletet er redigert som om det var RAW i Bridge. Eg har endra dette:Exposure: +0.65
Fill light: 20
Blacks: 16
Brightness: -21
Contrast: +5
Clarity: +27
Vibrance: +40
Saturation: -51
Eg prøvde å redigere dette biletet på fleire måtar, HER er dei ulike forslaga. Eg prøvde på fleire måtar og lenge å ta vekk farge og gjere det varmare, kaldare for å sjå kva som framheva det litt tomme og skjøre utrykket best. Valet falt på dette.HER ER ORIGINALBILETET.
Ved å prøve ut så mange ting for så å velje ut eit av forslaga lærer eg å bli meir bevisst på kva slags utrykk biletet har.
Tredje protrett
Nok eit bilete av Maren. Her var ideen å ha steingarden som bakgrunn og ein litt ny vinkel. Det at biletet er teke ovanfrå og ned gjer at Maren ikkje får skugge i augene og dei er veldig klare.
Komposisjonen har maren sitt ansikt som interessepunkt og ein kald bakgrunn som framhever Maren.
Lys og kamera er enno det same.
Kameraet var innstilt på ISO: 100 Blender Lukker: 1/200 Blender: f/5,6
Dette biletet har eg valt på grunn av utrykket til Maren. Ho ser rett inn i kameraet og eg likte godt lyset i ansiktet hennar. Eg har auka blacks og vibrance for å framheve at biletet er ganske livlig, eg syns ikkje det trong meir redigering enn det. TRYKK HER FOR ORIGINAL
Av dette biletet har eg lært at det er veldig viktig å tenke på kvar lyset kjem frå når ein tek portrettbilete, for å unngå stygge skuggar som ”deler” ansiktet.



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar