Den første oppgåva vår var å ta bilete av skulen vår. Me skulle tenke på utsnitt, komposisjon, lys og detaljar.
Dette er dei tre bileta eg likte best.
Eg tok bileta med eit Sony a100 kamera.

Dette biletet er frå garderobane utføre forestillingsalen. Det eg likte med dette biletet var kontrasten mellom sida lyset fell på og skuggesida på hengarane. Dessutan likte eg korleis hengarane som er heilt like ikkje heng heilt på rekkje og skapar både rytme og spenning i biletet i og med at det er same form berre ulikt lys og vinkel. Når eg tok biletet tenkte eg og på at metallstanga ikkje skulle vera i fokus for eg syns "bokeh-ane" er ein fin detalj. Eg har redigert vekk litt støy med iPhoto og beskjert det litt då eg tok skjermdump.
Dette biletet er teke i det sosiale rom der sola skein inn. I dette biletet ville eg få med mønsteret av sollys på golvet laga av skuggane til vindauga og stolbein og dei organiske linjene til den raude stolen.
Dette biletet er teke av ein lampe i same rom som hengarane. Eg har ofte lagt merke til mønsteret på innsida av lampane på skulen og ville fange detaljane med kamera. På dette biletet er lys/mørk kontrasten tydeleg og eg likar korleis graderinga skjer flate for flate, og korleis kvar flate likevel har mange nyansar og refleksjonar. Biletet vart teke med litt varm temperatur-instilling på kameraet.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar